• 04/02/2021

    Vi har eit godt tilrettelagt og avskjerma soveområde, under tak mellom hovedbygget og påbygget / blå avd.

    Vi har alltid 2 sovevakter, 1 på blå avd og 1 på gul avd. Sovevaktene er knytta opp mot vakter, og rullerer kvar halve time. I tillegg sjekkar sovevaktene alle barna oppi alle vognene kvart 15.min, og ser at dei ligg godt, pustar normalt, ikkje har tildekt munn/nase. 

     Dersom barn frå dei 2 store avdelingane, rød avd eller grøn avd ska sova ute, vert dei kjørt bort til gul sitt soveområde, og passa på av gul avd si sovevakt.