• 18/08/2023

    Undheim barnehage er privat og ligg i den grøna bygdå.                    Time kyrkjelege fellesråd eig og driv den.                                    Barnehagen starta opp i 1987, i kjellaren i Undheim samfunnshus.      I april 2009, flytta vi inn i eige nytt fint bygg ! Vi har også eit flott uteområdet, eigen ballbinge, bakkar og ulendt terreng, gapahuk og lavo, og ikkje minst vårt eige friluftsområdet i Bjønnholen ! Vi har eit godt samarbeid med idrettslaget, og får lov å bruka hallen fleire gonger i veka til leik og aktivitet , og så den nye boblehallen får vi låna ! Vi er ein barnehage med lange tradisjonar og godt innarbeida kultur . 

     

    Barnehagen har i haust 64 barn, 26 småbarn og 37 store barn            dei fleste går 5 dg og nokre går 4 dg 

    Blå avd : 11 barn på 1-2 år        Gul avd: 13 barn i på 1-2 år  Rød avd: 20 barn på 4 og 3 år   Grøn avd: 19 barn på 4 og 5 år

    Åpningstida er kl 07.00-16.30 


    Visjon for barnehagen:

    ROM FOR ALLE, BLIKK FOR DEN ENKELTE !!

     

    Vår kvardag er prega av:

    Trivsel, omtanke og respekt for kvarandre. Omsorg, fellesskap, leik og læring

     

    Barna:                                                                                       

    Barna er inndelt i 4 avdelingar , i aldersblanda grupper med 2 årskull ilag, unntak på grøn, der har vi samla alle 5 åringane. Vi trur at barn lærer / leikar godt ilag med fleire aldersgrupper. Vi deler også barna inn etter alder , når vi går i hallen, har diverse aktivitetar og opplegg.  Alle barn har sin eigen primærkontakt, og har medverknad i eigen kvardag. Skulestartane har skuleklubb og eit eige opplegg.

    Foreldra:                                                                                

     Foreldra er vår viktigaste samarbeidspartnar. Vi har eit felles ansvar for  trivsel og utvikling til kvart barn. Vi har åpen og god kontakt og dialog ved levering og henting. Dei har medverknad på kvardagen, på organiseringa og planarbeidet i barnehagen.

    Personalet:                                                                                      

    Vi har 15 årsverk fordelt på 18 personar. Vi har pedagogar, barne og ungdomsarbeidarar, assistentar, hjelpepleiar og lærling. Vi har eit stabilt godt personal, med eit mangfald av gode kvalitetar. Vi har god kompetanse på barn, er tydelege, varme og engasjerte !