UNDHEIM BARNEHAGE
Tel: 93045787  96922923    Adr: Sælandsvegen 21,   4342  UNDHEIM    Send oss epost
 
( 31/01/2021 )

Forelderåd.

Forelderådet består av foreldre/føresette til alle barn og skal fremja deira felles interresser og sjå til at samarbeidet mellom barnehagen og foreldregruppa skapar eit godt barnehagemiljø. Foreldrerådet samlar seg 1-2 gonger pr år på foreldremøte. Foreldrerådet vel 4 foreldrerepr. til foreldrearbeidsutvalet = FAU i barnehagen og 2 foreldrerep som er med i samarbeidsutvalet = SU i barnehagen kvart år

 FAU består av 4 foreldre valt av foreldrerådet. FAU skal fremja felles interresser til foreldra og bidra til å skapa eit godt samarbeid mellom foreldregruppa og barnehagen. FAU har rett til å uttala seg om saker som er viktige for foreldra sitt forhold til barnehagen. FAU skal vera med og fremja kontakten mellom barnehagen og lokalmiljøet. FAU har 2-3 møter i året.

 SU består av 2 foreldrerepr , 2 personalrepr, 1 eigarrepr og styrar i barnehagen som har møte- tale og forslagsrett, samt informasjonsplikt i samarbeidsutvalet. SU konstituerer seg sjøl, og har 2-3 møter i året. Su er eit rådgjevande, kontaktskapande og samordnande organ for foreldre, personal og eigar. SU skal drøfta saker som er viktige for innhaldet i barnehagen, godkjenna årsplan, koma med innspel til budsjett, driftsendringar mm





 
 
Takk for at du besøkte UNDHEIM BARNEHAGE